Gamle skuter og mykje moro
Laurdag 26. mai blir det liv og røre på kaien i Sandeid, men Kystkulturdagane startar allereie dagen før i Sandeid samfunnshus. Då blir det reprise av Kjærlighet, hat og rock´n´roll, som mellom anna har Emil Tysnes Andersen i ei av hovudrollene. Andersen er også godt representert i styret for Kystkulturdagane.
Første post på programmet laurdagen er for dei spreke morgonfuglane. Startsskotet for Øktaren 575 går allereie i 9-tida for dei som vil traska seg opp til toppen, mens aktiv klasse startar eit par timar seinare. Arrangøren håpar sjølvsagt på godt oppmøte blant publikum, for som tidlegare år kjem løpet til å bli vist på storskjerm nede på kaien.
— Me har lokka med ein premie på 5.000 kroner til den første som klarar å springa til topps på under 30 minutt. Rekorden per i dag er eit par sekund under 30, så eg trur det skal vera mogleg, seier Terje Miljeteig som også sit i styret.