Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bjørn Grimås frå Vikedal viser staden der klokka til Johannes Hovland vart funnen over 60 år sidan den blei mista. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bjørn Grimås frå Vikedal viser staden der klokka til Johannes Hovland vart funnen over 60 år sidan den blei mista.

Funnen etter 62 år

Publisert Sist oppdatert

Ein sommardag for 63 år sidan var den 75 år gamle pensjonisten Johannes Hovland, som då hadde busett seg i Vikedal, ein tur i skogen ved Opsal. Han hadde fått lov av grunneigaren til å hogga seg litt ved til eige bruk, og var i gang med kvistinga av trestokkane då klokka hans smatt ut av lomma på vesten. Hovland leita og leita, men lommeuret var ikkje å finna. Det hadde funne vegen ned blant lauvverk og kvistar, og lagt seg godt til rette. Der skulle det bli liggjande i over 60 år.

— Hovland leita mykje etter klokka si. Han endevendte grunnen der klokka forsvann, fortel 81 år gamle Bjørn Grimås som var i tenåra då klokka forsvann.

— Hovland tok seg ut husved på garden til far min og mista klokka då han kvista stokkane. Eg var ikkje med i skogen då det skjedde, men fekk høyra mykje om det. Han snakka mykje om klokka, minnest Grimås.

Powered by Labrador CMS