Full fart på silkeføre i lysløypa

Her susar Sanna Markus Byre og Tuva Aarekol av garde. Skientusiastane har venta lenge på startskotet til vinterens første karusell.

Publisert Sist oppdatert

Av Anci C. Tinde

Mest 90 løparar frå fem år og oppover stilte torsdag til start under gnistrande snøtilhøve på Fjellstøl. Telenorkarusellen er eit svært populært renn.

— Dette er fyrste av fire planlagde karusellrenn denne sesongen. Det har vore for lite snø til å kunne arrangera nokon karusell tidlegare i vinter, fortel Svein Bjarne Slåke, leiar i skigruppa i Vindafjord idrettslag og rennleiar på Telenorkarusellen.

Skigruppa har lagt opp til sju ulike løypelengder. Barn under seks år går ei miniløype på nokre hundre meter. Deretter aukar det gradvis frå ein kilometer heilt opp til ti kilometer for senior menn.

Sosialt

Det er Norges skiforbund som kvart år inviterer klubbar og lag i Noreg til å arrangera Telenorkarusellen i lokalmiljøa sine. I år er det venta inntil 80.000 deltakarar totalt.

Rekorddeltakinga på eit karusellrenn i Vindafjord er 180 løparar.

— I kveld er me rundt halvparten, men dette skuldast at rennet kolliderer med eit obligatorisk opplegg på både Sandeid og Vikedal skule. Mange er nok der i staden for her, trur Slåke som meiner at arrangementet på Fjellstøl er svært positivt for både barn og vaksne.

— Dei får treffa andre og ha det sosialt med å stå på ski og ha det gøy. På kaféen får ein kjøpte bollar, kaker og vaflar. Me har speaker som skal skapa litt action.

Nytt av året er tidtaking med brikkesystem.

— Kvar løpar får ei brikke rundt oklet og tida vert registrert då dei passerer mållina. Alt går rett inn i ein datamaskin og resultata kan verta skrivne ut same kveld. Dette opplegget føreset at løparane melder seg på seinast dagen i førevegen slik at dei kan registrerast i datasystemet, forklarar Slåke.

Smørjebua

Før dei 90 løparane slapp laus i løypene fekk dei tilbod om smørjing av ski. Terje Aarekol og Jarle Madsen smurde ski på løpande band.

— Me er headhunta til denne jobben, ler Aarekol som kan avsløra at dei smurde med blått under og blå ekstra oppå.

Det var ingen bakglatte ski å sjå i løypene, så dei må ha gjort ein god jobb.

Thomas Lien i klassen gutar 13 og Andreas Madsen i gutar 15 var to av løparane som var nøgd med eigne prestasjonar.

— Det gjekk ikkje så gale, meiner Lien, som har gått aktivt på ski i to-tre år.

Madsen kan fortelja at forma ikkje er heilt på topp, men han synest likevel at dei fem kilometrane gjekk greitt.

— Eg kan ikkje skulda på anna enn forma. Både føret og skiea var gode, seier Madsen, som pleier å delta på alle renna i Telenorkarusellen.

Neste renn i karusellen skal etter planen gå av stabelen tysdag 19. februar.

Powered by Labrador CMS