Frå Vatsfjorden førre helg, då det også var uvyseleg vêr. Foto: Sigbjørn Langhelle
Frå Vatsfjorden førre helg, då det også var uvyseleg vêr.

Friskt i kasta

Uvêr i fleire dagar.

Publisert Sist oppdatert

Ein ny storm slo inn over Sør-Vestlandet fredag kveld. Politiet har så langt ikkje fått inn meldingar om skadar i Vindafjord og Etne.

Verst har det gått ut over eit bustadhus i Suldalsosen som natt til laurdag fekk taket blåst av. Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut. Det var fare for brann ettersom det var fyr i ein omn/peis. Taket var av bølgjeblikk. Ingen kom til skade.

Vinden er frå søraust og er verst langs kysten, men også utsette stader innanlands opplever kraftig vind med storm i kasta.

Laurdag føremiddag var det kolonnekøyring på E134 over Haukeli, men ei fleire fjellovergangar og ferjesamband er mellombelst stengt. Sjekk meir info om trafikkmeldinga på vegvesen.no.

Den kraftige vinden vil halda fram i heile helga, også måndag og til dels tysdag vil det blåsa godt. Lokalt vil vinden koma opp i liten kuling frå søraust, melder yr.no, men nokre stader kan venta hardare uvêr. Det er ikkje meldt nedbør dei neste dagane.

Har du bilde frå uvêret i Vindafjord og Etne: send til foto@grannar.no

Powered by Labrador CMS