Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dagleg leiar Sindre Matre (t.v.), Norvald Matre og sonen Jarle Matre kan feira 50 år med skipsfrakt i år. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar Sindre Matre (t.v.), Norvald Matre og sonen Jarle Matre kan feira 50 år med skipsfrakt i år.

Frå sandfrakt til industriell shipping

Publisert Sist oppdatert

Ein seinsommardag i 1972 signerte dei to brørne Johannes og Georg Matre ein kontrakt som markerte starten på aksjeselskapet Sandfrakt AS. Føremålet med selskapet var frakt av sand og anna førefallande transport. Dei to brørne hadde i fleire år tidlegare arbeidd saman om sandføring, sandtak og fraktebåtar, men etter som åra gjekk utvikla dei interesse innan ulike felt. Medan Georg sikta seg inn på avrigging og ombygging av skip gjennom etablering av Ølen Skipsindustri i 1963, blei arbeidskvardagen for Johannes fylt med frakt av sand og grus og skipsdrift.

I 1972 tok Johannes steget vidare og etablerte eit eige aksjeselskap under namnet Sandfrakt AS, og fekk dei to eldste sønene Norvald og Kåre med i drifta. Norvald på kontoret og Kåre som skipper. Eit landområde vest i Ølensvåg blei kjøpt berre eit drygt steinkast frå Georg Matre sitt verftsområde, og kontorbygg og kaiområde blei bygd.

Generasjonsskifte

Powered by Labrador CMS