Frå rev til hotell
Jon Edvardsen Det er over ti år sidan sist det var tale om nytt hotell […]
Det er over ti år sidan sist det var tale om nytt hotell i Ølen, men planane for den nedlagde sildefabrikken kom knapt nok i startgropa før dei stranda. No har det meldt seg to interessentar som vil ha hand om den attraktive tomta der revehallen i står i fjordkanten ved Ølen kulturhus.
Begge vil byggje hotell på tomta kommunen eig.
I forhandlingar
— Eg kan stadfeste at to aktørar har meldt interesse for tomta med tanke på å byggje hotell. Forhandlingane er i gang, og dei har bede om konfidensiell behandling, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Tomta er avsett til hotell og utleige i kommuneplanen. Den er på over fire mål, og er taksert til 4 millionar kroner dersom føremålet er hotelldrift. Taksten er gjort etter at det melde seg hotellaktørar på banen.
Saka må truleg politisk behandlast trass i at kommunen har eit forhandlingsutval for eigedom.
— Vi må sjølvsagt sikre oss at det ikkje berre blir selt ei tomt, men at det blir klausular som sikrar at det blir bygt innan rimeleg tid. Vi kan ikkje stenge for andre utan at det skjer noko med tomta. Det er ikkje aktuelt å selje før det er realistiske prosjekt på bordet, seier Bergsvåg.
Hotell velkommen
Utgangspunktet er dermed at det vil bli bygt hotell på denne tomta dersom aktørane er i stand til å gjennomføre det. Ordførar Bergsvåg tar i mot slike initiativ med opne armar.
— Næringsetablering er viktig, og det har vore mangel på hotellrom. Om nokon ønskjer å byggje hotell, så skal ikkje vi bremse det, seier Bergsvåg.
Næringslivet har tidlegare ytra ønske om betre kapasitet på dette området i Ølen og Ølensvåg.
Ikkje på gata
Revehallen huser i dag lager for Forsøksringen og miniatyrskytebane for Ølen skyttarlag. Dei treng ikkje vere redde for å bli kasta på gata, forsikrar Bergsvåg.
— Revehallen reiv seg nesten sjølv i ein storm for nokre år sidan. Dersom tomta blir kjøpt av andre, skal det ikkje bli noko problem med å finne plass til dei som brukar hallen i dag.
Namnet revehallen stammar frå den tida det var pelsdyrutstillingar der. Det vaklevorne huset har også vore brukt til danselokale i tidlegare tider. Tomta ligg rett i fjordkanten med flott utsikt mot Ølensvåg og ut Ølenfjorden.