Johan Castberg-feltet skal ikkje drivast frå ei oljeplattform, men frå FPSO-skipet med same namn som feltet. Produksjonsskipet er 313 meter langt og 55 meter breitt. Biletet er frå Stord kor det nærmar seg ferdigstilt.
Foto: Helgevold Gruppen
Næringsliv
Forlengjer med Equinor
Helgevold Gruppen i Sandeid har for tida dagleg i overkant av 50 stillingar knytta til rammeavtalen dei har med Equinor. No er avtalen forlengja med to år.
Arbeidet i rammeavtalen blir for tida utført på Kårstø i Tysvær og på Aker Solutions på Stord kor utrustninga av det 313 meter lange og 55 meter breie produksjonsskipet Johan Castberg er i sluttfasen.
I eit presseskriv frå Helgevold Gruppen blir det understreka at dei har ein felles strategi med Equinor kor dei i tett samarbeid blir utfordra til å finna gode og effektive løysingar. Rett kvalitet er dessutan i stadig endring, slik at dei heile tida må utvikla og tilpassa seg.
Frå heimesida til Equinor kan ein lesa at ressursgrunnlaget for Johan Castberg-feltet er dei tre oljefunna Skrugard, Havis og Drivis i Barentshavet. Feltet har ein planlagt oppstart i fjerde kvartal 2024, og vil produsera i 30 år.