Kongebesøket
Førebuingane i gang i Ølen
Ved 8-tida onsdag var scena til kongebesøket allereie på plass i Ølen.
Torsdag kjem kongeparet til Ølen. Onsdag morgon var scena utanfor kulturhuset Sjøperlo på plass, men mykje montering stod att.
Ein del kostbart utstyr låg lagra ved sida av scena og venta på arbeidshender då Grannar var nedom, mens vektar Alexander Svanberg Slathia frå Haugesund-selskapet Sentrum Vekter heldt vakt.
— Eg har fått beskjed om å halde vakt til i 9-tida, fortalde han.
Det er venta tusenvis av skodelyste til Ølen torsdag, og ordførar Ole Johan Vierdal har oppmoda folk til å vere tidleg ute, ikkje minst dei som har bil. Det blir ikkje parkeringsmogelegheiter på nedsida av E134, så dei fleste må belage seg på å parkere på Ølen næringspark på Nerheim og gå derfrå.
Har du tips til saker me bør skrive om i samband med kongebesøket? tips@grannar.no – tipstelefon 975 70 789
Les alt om kongebesøket:
Ventar mykje folk og utfordringar med parkering
Gardisten får opptre på heimebane
Skal halde tale til kongeparet
