Ei ny elv oppstod på denne bøen på Tesdal i Litledalen under det kraftige regnet tidleg i august i år. I framtida vil slikt regnvêr skje hyppigare, meiner ekspertar.
Arkivfoto: ARNE FRØKEDAL
Førebu deg på våtare tider
Nedbøren i vårt område vil auke med mellom 7 og 23 prosent fram mot år 2100. Det viser berekningar presentert i den nye rapporten Klimaprofil Hordaland» frå Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, UniSearch og Noregs energi- og vassdragsdirektorat. I Etne syner framskrivingane ein auke på om lag 20 prosent.
Leiar for eining Utvikling, Bjørn Eikemo, er også opptatt av framtidige scenario med meir nedbør og hyppigare ekstremvêr.
— Me er opptatt av at nye anlegg i kommunen blir dimensjonert for det som vil kome, seier han.