— Folk spør alltid etter Hovda
Skal dei dra fram éin ting frå dei 20 åra som har gått, må det vera at dei har vore velsigna med eit fantastisk publikum frå den spede starten og heilt fram til i dag.
— Det er lite som kan måla seg med eit publikum som står som sild i tønne rett framfor scenekanten og syng den eine songen etter den andre i lag med oss. Generasjonen som sto fremst for 20 år sidan, er foreldregenerasjonen til dei som står fremst i dag. Og dagens ungdom er minst like gode på tekstane våre som foreldra deira var, seier frontfigur Sveinung Bjelland, som saman med Jon Ørnes, Kjetil Ulland og Jostein Hustveit representerer gruppa som i 2010 bytta namn frå Matpackers til Pakkers.
Trilla fem på terningen