Tysdag var det møte i formannskapet i Vindafjord.
Skjermdump kommune-tv.
Fleirtal for å busetje flyktningar
Formannskapet sa også ja til å gi
kommunedirektøren fullmakt til å disponere integreringstilskot og eventuelle
øyremerka statlege tilskot knytt til busetting av flyktningar for å gjere
kommunen rusta til å ta imot 33 flyktningar i 2026.
Modolf Haraldseid (H) la fram eit
tilleggspunkt der det heiter at flyktningar som kjem til kommunen i 2026 ikkje
skal busetjast i kommunesenteret Ølen.
Dette forslaget fekk berre støtte frå
Høgre sine to representantar. Framstegspartiet stemte mot både
kommunedirektøren si innstilling og tilleggsforslaget frå høgre, medan seks
representantar stemte for kommunedirektøren si innstilling.