Fleire vel yoga over styrke
Treningskjeder som SATS, Fresh Fitness og 3T har opplevd ein auke i deltaking på yoga-timar det siste året. Fleire enn tidlegare trenar for å få ro i hovudet.
Ifølgje Sats si Healthier and happier» undersøking 2025, har deltakinga på yoga- og mindfulnesstimar auka med 30 prosent i heile landet det siste året.
Fleire andre treningssenter NRK
har snakka med opplever liknande trend og har utvida tilbodet.
Annonse
Heile 44 prosent av dei spurde seier at dei trenar for å betre den mentale helsa si, ifølgje SATS.
– Tala våre viser tydeleg at det har vorte eit skifte i korleis medlemmer tilnærmar seg si eiga helse og korleis dei ønskjer å bruka tida si på treningssenter, seier kommunikasjonssjef i Sats Tina Brodal til NRK
Ifølgje henne har dei derfor eit auka fokus på mental helse og stressavlasting.
(NPK)