— Fleire skattytarar kan nytte leveringsfritak

— I fjor praktiserte 47,4% av skattytarane i Skatt vest leveringsfritak. Men eit aukande tal […]

Publisert Sist oppdatert

— I fjor praktiserte 47,4% av skattytarane i Skatt vest leveringsfritak. Men eit aukande tal skattytarar kan nytte leveringsfritak. Det viktigaste er at skattytar sjekkar den førehandsutfylte sjølvmeldinga dei mottek. Er det ikkje trong for endringar eller å gje ytterlegare opplysningar til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, treng dei som er lønstakarar eller pensjonistar ikkje å levere den.

Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest seier dette. Bodskapen til kvar enkelt skattytar er i tillegg at den som ikkje har levert ei korrigert sjølvmelding innan leveringsfrista – 30. april – har godkjent innhaldet.

Langt enklare – for endå fleire skattytarar
Denne forma for leveringsfritak blei innført i fjor – og medfører at skattytar kan levere ei sjølvmelding som berre inneheld førehandsutfylte opplysningar.
— Via leveringsfritak gjer vi det langt enklare for denne gruppa. Tilbodet er retta mot skattytarar som mottek ei korrekt førehandsutfylt sjølvmelding – det vil seie lønnstakarar og pensjonistar. Ordninga medfører inga endring i skattytar si opplysningsplikt; dette er eit tilbod om forenkling. Dei som framleis ønskjer å levere elektronisk eller på papir, kan gjere det. Skattytarar som har fått utsett frist, er og omfatta av ordninga, seier Gjengedal.
Skattyter sitt ansvar – og opplysningsplikt
Framleis har kvar enkelt ansvar for at opplysningar som vert lagt til grunn ved likninga, er rette. Skattytar kan framleis bli ilagt tilleggsskatt om han ikkje har korrigert – eller har gitt – ufullstendige eller feile opplysninger som har ført til, eller kunne ha ført til, at skatten blir sett for lavt. Utover dette skal skattytarane, så langt råd er, bli tilbydde automatiserte tenester. Slik kan etaten bruke auka ressursar til kontrollarbeid og til innsats mot skattytarar med kompliserte likningsforhold, påpeiker Marta Johanne Gjengedal.

Nær 50 prosent
I Hordaland var det registrert 352.475 skattytarar i fjor, av desse nytta 170.852 leveringsfritak. Totalt leverte 225.451 sjølvmelding utan å ha utført endringar, verken på papir eller elektronisk. Dette var ei auke frå 63,58 prosent til 67,4 prosent frå året før.

I Rogaland var det registrert 312.784 skattytarar i fjor, av desse nytta 144.300 leveringsfritak. Totalt leverte 195.806 sjølvmelding uten å ha utført endringar, verken på papir eller elektronisk. Dette var ei auke frå 62,4% til 65,3% fra året før.

— I Skatt vest var det registrert 747.233 skattytarar i fjor, av desse nytta 356.629 leveringsfritak. Totalt leverte 474.073 sjølvmelding uten å ha utført endringar, verken på papir eller elektronisk. Dette var ei auke frå 63,1% til 67% i fjor, opplyser avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest.

— Veit ikkje alt om skattytar
Sjølvmeldinga er fylt ut med dei opplysningane Skatteetaten har om kvar enkelt skattytar. Det er likevel viktig at opplysningane blir kontrollert. Den enkelte skattytar er sjølv ansvarleg for at sjølvmeldinga blir rett. Endringar kan gjerast enkelt på Internett ved å logge seg på http://www.skatteetaten.no og at ein følgjer retningslinene for levering.
Elektronisk levering frå 24. mars
Den elektroniske leveringskanalen opnar 24. mars. Fram til då må dei som har endringar sjekke at dei har PIN-kodane tilgjengeleg. Desse blei sendt ut i eige brev i desember 2008.
Finn ein ikkje PIN-kodane, kan nye tingast på skatteetaten.no/pin eller ved å sende SMS til PINKODERfødselsnummer (11 siffer) til 2080. Nye PIN-kodar kjem etter kort tid til folkeregistrert adresse.

Powered by Labrador CMS