Fleire i Vestland fekk arbeidsavklaringspengar i 2025.
Arkivfoto
Fleire i Vestland fekk arbeidsavklaringspengar i 2025
Dette opplyser NAV i ei pressemelding. Arbeidsavklaringspengar (AAP)
skal sikre inntekt når sjukdom eller skade gjer at ein person ikkje kan jobbe
som vanleg, og treng hjelp frå Nav til å kome tilbake i arbeid. Ein
stor del av dei som har vore sjukemelde i over eitt år, går over på AAP. Ved
utgangen av 2025 hadde Vestland 18 200 mottakarar av AAP, mot 17 000
på same tid året før.
Unge kan få inntekt utan diagnose
Dei siste ti åra har andelen stønadsmottakarar med lettare psykiske
lidingar, allmenne og uspesifiserte diagnosar auka markant.