Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tidlegare kommunedirektør i Etne, Filippo Ballarin

Filippo Ballarin i ny toppstilling

Publisert

Frå 1. januar har Helgevold-konsernet gjennomført fleire organisatoriske justeringar. Det tidlegare Helgevold Elektro AS har skifta namn til Helgevold AS, mens morselskapet no heiter Helgevold Gruppen AS. Ifølgje konsernet er namneendringa eit viktig steg for å skapa ein meir oversiktleg og heilskapleg struktur, både internt i organisasjonen og eksternt mot kundar og samarbeidspartnarar.

Samtidig er det klart at Filippo Ballarin tiltrer som ny CEO (dagleg leiar) i Helgevold AS. Ballarin er godt kjend i verksemda frå før gjennom rolla som CFO (økonomidirektør), og vil no kombinera denne med ansvaret som dagleg leiar. Konsernet meiner dette gir både kontinuitet og framdrift i den daglege drifta.

Konsernsjef Bjørn Tollefsen held fram i rolla som toppleiar for Helgevold Gruppen AS. Han kombinerer dette vidare med stillinga som konsernsjef i Tekni Gruppen AS, noko som ifølgje konsernet skal gi ei tydeleg strategisk retning og eit sterkt strategisk fokus vidare.

Powered by Labrador CMS