Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Linda Bøthun har drive blomsterbutikk i snart 30 år. No må ho anten selja eller avvikla grunna allergi. Foto: Grethe Hopland Ravn
Linda Bøthun har drive blomsterbutikk i snart 30 år. No må ho anten selja eller avvikla grunna allergi.

Fekk allergi mot blomster

Publisert Sist oppdatert

Planen var å feira både det eine og det andre jubileet i 2020; først 30-årsjubileum til morsdagen, for det var nettopp til morsdagen i 1990 butikken blei opna. Den gong av Gro Bøthun som er mor til Linda Bøthun som i dag driv Skånevik blomster og interiør AS på kaien. Sommaren 1990 blei Linda også med i drifta. August 2019 var det også planlagt å feira 25-årsjubileum i lokala på kaien, for i dei første åra var blomsterbutikken i anna lokale. Samtidig ville Linda feira 25 år med fagbrev som blomsterdekoratør. Men i staden må Bøthun bruka tida si på jakt etter nye eigarar til butikken sin. Det håpar ho i det lengste at ho skal få, men om ingen melder seg innan 1. august, brukar ho august månad på å selja ut varelageret sitt så godt ho kan.

— Eg er ferdig med å sørgja over at eg ikkje kan halda fram med dette, for dei to siste åra har eg forstått kva veg det bar. Skulle det derimot blir tom butikk og mørke vindauge i lokala her, sørgjer eg djupt over det. Skånevik treng kvar einaste butikk i gata, og eg har alltid sagt at bygda ikkje har ein einaste butikk å mista. Så blir det kanskje min, seier ho.

Pollenallergi

Powered by Labrador CMS