Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Erika Fatland opplever stor suksess med si siste bok. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Erika Fatland opplever stor suksess med si siste bok.

Fatland-bok til Polen

Publisert Sist oppdatert

Erika Fatland si siste bok, Sovjetistan» er seld til Polen. Det er forlaget Grupa Wydawnicza Foksal i Warszawa som skal utgi boka på polsk, og Foksal vil trykke 3.000 eksemplar i første omgang, opplyser informasjonsrådgivar Marie Aubert i Kagge Forlag AS /J.M. Stenersens Forlag

Boka signert forfattaren frå Ølen blei tidlegare i haust seld til Frankrike. Utgivar Kagge Forlag har nyleg trykt opplag nummer to av boka, som nå er oppe i 5.000 eksemplar.

I Sovjetistan» skildrar Erika Fatland fem tidlegere Sovjet-republikkar i Sentral-Asia: Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Desse landa blir besøkt av svært få turister. Fatland har reist ålene gjennom dei fem stan»-landa, noko som blir sett på som svært uvanleg, særlig for ei kvinne. Ho fortel om bisarre diktatur, overveldande arkitektur, rik historie og enorme kontrastar.

Powered by Labrador CMS