Ølmedal rundt går av stabelen pinsemåndagen.
Arkivfoto: Øystein Birkenes
Familieløp med skistjerne på startstreken
Tradisjonen tru vert det også i år eitt kjent idrettsnamn å finna på startstreken når mosjons- og konkurranseløpet rundt Ølmedalsvatnet går av stabelen 25. mai. Den 26 år gamle langrennsløparen Sjur Røthe debuterte i verdscup langrenn i 2009 og har sidan den gong ei rekkje gode resultat å visa til. Mellom anna gjekk skiprofilen frå Voss seg inn til verdscupsiger i 50 km fristil fellesstart i Holmenkollen i mars i år, og vinteren 2013 vann han VM gull i stafett i Val di Fiemme.
— Røthe er ein av dei aller beste og ein fantastisk idrettsmann. Me håpar han kan vera med å bidra til at det kjem masse folk, seier Lars Olav Larsen frå Vindafjord Idrettslag og primus motor for Ølmedal Rundt.
Familiedag