Familiehytta har blitt eit samlingspunkt
Ei hytte familien har nytta og har hatt mange fine helgar og feriar heilt sidan `60-talet. Alltid liv og røre med mykje besøk av familie og vener. Fisketurar på Osvågen og nysteikte fiskekaker med nypotet frå hagen. Hagebær og jordbær rett frå åkeren.
Somrane var lengre før. Søskenparet Anna (62) og Gjert (64) Madsgård har hatt mange turar langs gamlevegen i Åkrafjorden på strekninga Odda – Etne i barneåra, der målet var hytta på Bakkatun. Etter kvart flytta Anna til Stavanger og stifta famile der. Eit naturleg samlingspunkt for tre generasjonar vart då hytta på Bakkatun i Etne.
Med flid og eigen innsats blir hytta til
Hytta som foreldrene Bernt (1927 – 2012) og Inga (1927 – 2015) Madsgård bygde etter dåtidas standard. Bondesonen frå Madsgård og Inga frå Mosnes i Åkrafjorden flytte til Odda, der han først fekk jobb på Zinken og etter kvart vart jernbindar på Hardanger Sement, og stifta familie. Etne og heimstaden lokka med hyttetomt, og draumen til Inga blei oppfylt med eit stort kjøkken i forhold til det vesle kjøkkenet i det første husværeet i Odda. Mykje av betongarbeidet stod Bernt for sjølv, medan nabo og byggherre Lars Nygård stod for å reise hytta, utifrå teikningar dei to hadde utarbeida. Hytta rommar det same areal i dag som då den var ny. Hytta vart til litt etter litt. I ei tid der tæring etter næring var leveregelen for mange. Og for den generasjonen som hadde opplevd andre verdskrig var haldninga og tilnærminga til det å nytte det ein har tilgjengeleg med det å vere sjølvforsynt viktig og nødvendig. Bernt var også med i Tysklandsbrigaden etter krigen. Eit heilt anna liv og virke om ein samanliknar dagens infrastruktur og moglegheiter. Kvalitet og tilgang på materialar, straum og vatn har endra seg radikalt sidan hytta var ny. Trappa ned i kjellaren kom først på `70-talet, eit år det var mogleg å avsjå feriepengane Bernt fekk .