Færre vel kulturskule
Den kommunale kulturskulen her til lands har opplevd redusert elevtal dei siste åra, og både i Etne og Vindafjord er glansdagane med rekordstor søknad over.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 102.414 elevar i 2015 nytta seg av tilbodet dei ulike kommunale kulturskulane har å tilby rundt om i landet. I 2018 var talet på elevar redusert til 99.121, ein nedgang på nesten 3.300 på fire år. Kulturskulane i Etne og Vindafjord merkar også at tilbodet er blitt mindre populært.
Etne hadde ein nedgang på 20 elevar frå 107 i 2015 til 87 elevar i 2018. som utgjer 19 prosent. I Vindafjord er talet redusert med 13 i same periode, frå 229 i 2015 til 216 i 2018, men her skuldast reduksjonen bortfall av danseundervisninga grunna mangel på lærarkrefter det siste året. Men samanlikna med tidlegare år er trenden synleg også her.
Kulturskulerektor i Vindafjord, Anne Kristine Andersen, opplyser at trykket er mindre enn for nokre år sidan det gjerne var rundt hundre på venteliste. Nå er dette talet halvert og meir enn det.