Etterlyst i Ølen
Rosemalar Unni Marie Lien la ut ei etterlysing på internett, då ho fyrste juledag fann ut at det eine trollet hennar vart stole i julehelga. To dagar seinare har etterlysinga nådd både inn- og utland.
— Til nå har innlegget nådd 245.000 personar, seier Unni Marie Lien, onsdag ettermiddag.
Ho snakkar om eit innlegg som ho la ut på nettstaden Facebook fyrste juledag. Lien hadde komme frå julefeiring i Vikedal på kvelden og merka seg at det var noko som ikkje stemte heilt utanfor turistkontoret og rosemålebutikken i Ølen. Eitt av trolla hennar hadde i løpet av julehelga nemleg blitt stole frå butikken som ligg kloss ved E134.
Etterlyste trollet på nett
—Filleren, kvar er trollet? tenkte eg, og dreiv og leitte etter det. Men det var borte vekk, fortel Unni Marie Lien om den fyrste julekvelden.
Ho veit ikkje anna enn å le og grina. Fyrst vart ho veldig sur og sint. Så kom ho på å skrive eit innlegg på Facebook, for å etterlyse trollet. Det kunne jo hende at nokon hadde sett noko, som kanskje kunne hjelpe ho å få trollet attende til heimstaden sin. Halvannen dag seinare er ho travel med å svare på meldingar og telefonar frå både nasjonale medium, kjære og kjente.
— Det eksploderte jo heilt etter at eg la ut etterlysinga, seier ei lattermild Lien og viser til at innlegget til og med er delt på ei stor turistside i Tyskland.
Så nå lever etterlysinga sitt eige liv i den store verdensveven.
Overraska over merksemda
— Kvifor folk giddar å bry seg og dele dette, forstår eg ikkje heilt. Men det er kanskje ein type nyhende som ikkje handlar om krig og naud, og som engasjerer både store og små, seier ho litt undrande til Grannar.
Ho har fått meldingar frå folk som køyrer forbi, at dei synest det er stussleg utan trollet framfor butikkdøra, og onsdag kom ein familie innom på besøk, der barna hadde med seg leikehandjern og forstørringsglas.
— Dei skulle nemleg leite etter spor og ta opp jakta på trollet, ler rosemalaren og turistverten i Ølen
Ho synest det var litt rart å gå og melde frå til politiet om tjuveriet, men på politistasjonen i heimbygda hadde dei allereie fått med seg nyheita.
— Det er jo ein institusjon som alle kjenner til, sa dei om trollet og butikken min.
Ein trufast tilsett
Trollet, som tidlegare bar namnet RosOla, har stått trufast ved turistkontoret i Ølen i 30 år. Det kjem frå Trøndelag, er av gummi og veg kring 60 kilo.
— Trollmannen har jo blitt eldre med åra, og har mista håret. Så han er ein skinhead, med gamle rosemåla tatoveringar iført blå snekkerbukse, fortel Unni Marie Lien.
Ho kan ikkje få rost han nok for det gode arbeidet han har gjort for ho i alle år, gjennom all slags vêr.
— Han er jo ein del av fagforeininga mi. Tjuvane har rett og slett stukke av med ein tilsett med lang ansiennitet. Å skaffe seg ein ny vil koste bort mot 15.000 – 18.000 kroner. Men det blir ikkje det same. Eit nytt troll vil jo mangle erfaringa som RosOla har, seier Lien og ler litt av det heile.
Ber om tips
Men frå spøk til alvor, så ønskjer rosemalaren gjerne tips som kan løyse mysteriet, slik at ho kan få tilbake trollet sitt.
— Eg har på følinga at han er langt borte nå.
— Korleis blir resten av romjula nå?
— Tja, når eg er ferdig med å snakke med media, skal eg ha familien på besøk. Då kojem vesle Marvin, og då skal han og eg også gå på trolljakt, seier Unni Marie Lien.