Ektepar med krim på agendaen
På same dag i slutten av mai lanserer forfattarparet Agnes Matre og Geir Tangen kvar si krimbok på Gyldendal forlag. For Geir Tangen blir boka Hjerteknusar ein oppfølgjar av suksessboka Maestro som kom ut i 2016 og som i dag er oversett til ei rekkje land utanom heimlandets grenser, og for utflytta sandeidsbu Agnes Matre blir Skinnet bedrar den første krimboka i rekkja av det ho håpar skal bli ein spennande krimserie.
Før påsken var forfattarane hovudpersonane på ein krimkveld på biblioteket i Ølen der dei var inviterte til å snakka om sine nye bøker og for å koma med gode tips til påskekrimlektyren. I salen sat ei lita gruppe kriminteresserte som i løpet av kvelden fekk ei grundig innføring i skrivekunstens utfordringar og gleder, i tillegg til mange gode boktips til påskeferien.
— Me les mykje krim heime og her i kveld har me plukka ut fem bøker kvar som me kan anbefala, sa dei to forfattarane og drog mellom anna fram Unni Lindell, Arne Dahl og Gunnar Staalesen som god krimlesing.