Hanskar frå Granberg AS på Bjoa når stadig nye marknader. Arkivfoto
Hanskar frå Granberg AS på Bjoa når stadig nye marknader. Arkivfoto

Ekspanderer i Sverige

Bjoa-bedrifta Granberg opnar stort lager over Kjølen.

Publisert Sist oppdatert

Granberg AS befestar stillinga som ein av Skandinavias leiande produsent av hanskar til industri, helse og detaljhandel. Når har konsernet opna eit Euro-lager for å betjena nye marknader.

Lageret er etablert via det svenske dotterselskapet Granberg Sverige AB i Falkenberg. Det blir gjort for å gjera hanskane tilgjengeleg på den svenske og europeiske marknaden, skriv selskapet i ei pressemelding.

Granberg Sverige AB blei opphavleg etablert i 2008 som eit reint salskontor.

— Med stor lagerkapasitet i Falkenberg er Granberg nå ein viktig leverandør av hanskar til industri og helsevesen på den svenske marknaden. Med eit fullsortiment på meir enn 230 forskjellige hanskemodeller, effektiv leiing og optimal logistikk operer me i dag med svært kort leveringstid av våre kvalitetsprodukt innan EU og verda elles, opplyser dagleg leiar Ole M. Granberg.

Vekst

Granberg Sverige AB har dobla talet på tilsette i 2013, og firmaet forventar ei omsetning på ca. 50 millionar svenske kroner i inneverande år. Veksten i nabolandet verkar også positivt inn på konsernet sine tal. Omsetninga auka frå 150 millionar i 2011 til 182 millionar i fjor.

Rekneskapstala for 2012 er ikkje klare, men året før hadde konsernet md 42 tilsette eit resultat før skatt på 11,4 millionar kroner.

Med eit produktsortiment på meir enn 230 ulike typar arbeidshanskar tilbyr Granberg AS eit kostnadseffektivt og relevant fullsortiment av hanskar innanfor ei rekkje kategoriar.

Varemerket Granberg er velkjent innanfor den norske olje- og gassindustrien, næringsmiddelindustrien, bygg- og anlegg, helsevesen og daglegvarehandel. Med meir enn 50 års erfaring så styrker nå det norske Granberg-konsernet sin posisjon internasjonalt, skriv selskapet i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS