Hørselshemma Liv Tungesvik er avhengig av teleslynge i store forsamlingar og etterlyser slikt hjelmemiddel fleire stader, blant anna ved omsorgssenteret i Skånevik der ho ofte deltek på møte.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ein veg å gå lokalt
Tidlegare i år etterlyste lokallaget HLR Grannelaget i Etne og Vindafjord ei oversikt over tilgang på teleslynge i dei to kommunane. Dei meiner slikt anlegg er fråverande i dei fleste offentlege bygg og forsamlingslokale og meiner kommunane har ei plikt til å syta for at hjelpemiddelet er tilgjengeleg. Nå har begge kommunane lagt fram den etterlyste lista over tilgang på teleslynge i kommunale bygg.
Vindafjord best
Vindafjord kjem langt betre ut enn Etne og kan visa til at dette hjelpemiddelet er installert i biblioteket, på Vindafjordtunet, på legekontora i Vikedal og Ølen, i alle kyrkjene, i Vats barnehage og skule, samt i rådhuset der både skranke, kommunestyresal og formannskapssal har teleslynge.