Ein takk til Ølen kyrkje
Fekk ikkje svinga taktstokken som vanlig denne jula, men fekk vera med å spela (etter […]
Fekk ikkje svinga taktstokken som vanlig denne jula, men fekk vera med å spela (etter 25 år) noko som eg tykte var heilt topp».
Har alltid sagt at har du lært å sykla, gløymer du det ikkje. Det same gjeld med blåseinstrument. Når ein kjem i kyrkja julaftan, følast ein atmosfære av ro og fred som ein kan ta med seg resten av julehelga.
Eg hadde trengt å låna mikrofonen og takka, men når eg såg og høyrde reaksjonen frå dei som var i kyrkja, fann eg ikkje ord.
Eg vil retta ein stor takk til kyrkja og dei som var der, vil også takka dyktige og ansvarsfulle musikantar som stilte opp og gjorde det mogeleg å få opp julestemninga.
Håper eg får oppleva det same i åra framover, ikkje som dirigent, men som musikant.
TUSEN TAKK!
Sten Bjarne Nilsen
Ølen