Det var mange entusiastiske skuleborn som kom i land på Innbjoa kai fredag ettermiddag, etter ein heil dag i Sunnhordlandsbassenget med Bjoa skule for å lære meir om lokalområda frå sjøsida og fiskeoppdrett. Med vaksne var dei over 50 som mønstra på skyssbåten frå Bømlo.
Turen gjekk til mellom anna Borgundøy og Fjelbergøy i tillegg til eit besøk hos fiskeoppdrettet Alsaker Fjordbruk». Deretter vart det tid til både bading, leik, kos og fiske på Romsa.
Spennande med oppdrett