Varaordførar i Etne Kenneth Karlsen (Frp, t.v.) og Lars Olav Bergsvåg i Etne Høgre kallar nyhenda om at Bakka-Solheim ser ut til å kome inn i NTP som ein lokal og regional lagsiger.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
— Ein regional lagsiger
Alt tyder på at E134 Bakka-Solheim er nemd i dokumentet når transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i dag legg fram innstilling til ny Nasjonal transportplan (NTP).
Torsdag ettermiddag kom det lekkasjar frå Oslo som går ut på at regjeringspartia Høgre og KrF er samde om å legge inn meir pengar til veg i perioden 2022-2033 enn det som låg inne då samferdsleminister Knut Arild Hareide presentere regjeringa sitt forslag til komande rullering av Nasjonal transportplan (NTP) i mars.
Då var ikkje Bakka-Solheim nemnd. Men no skal Bakka-Solheim vere inne, gjennom ein såkalla merknad. Det skal vere sett av 500 millionar i første periode, og 1,5 milliard i andre periode. Men dette er før regjeringspartia har forhandla ferdig.
— Vi i Frp er trygge på at Bakka-Solheim no er inne. Spørsmålet er når bygging kan skje, seier varaordførar Kenneth Karlsen i Frp