Trygve Birkenes

debatt

«Mine erfaringar når det gjeld fysisk aktivitet»

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.

Som 90-åring føler eg trang til å dela mine erfaringar når det gjeld fysisk aktivitet. For ca. 3 år sidan brekte eg lårhalsen, og blei «lappa» saman i Haugesund, ein laurdag i 11–12-tida om kvelden. Eg fekk deretter lungebetennelse, og var temmeleg «langt nede». Hadde òg ein gammal ryggskade, som ikkje var god.

Etter ca. 14 dagar på sjukehuset kom eg til Etne omsorgssenter, der eg var i 7–8 dagar. Deretter heim til ei «spreke kåna» og ein spesialbygd einebustad med tanke på å bli gamal/ufør. Dette gjorde me for å kunne vera heime så lenge som mogleg, noko me er kjempeglade for i dag. Det er ingen trapper, fleire skyvedører og generelt tilpassa rullestol. Stort bad/vaskerom med HC-toalett og dusjkabinett for rullestolbrukarar. Huset har godt brannvarslingsanlegg, med røykdetektor og alarm i alle rom. Med tanke på el-sikkerheit er det sjølvsagt komfyrvakt og eit sjølvlaga system der alle el-apparat, forutan varmepumpe og kjøl- og fryseskap, er strømlause om natta.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS