Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen:

Januar er eit tøft "år"

Publisert

Er du blant dei heldige som er fulle av energi og pågangsmot i januar månad? Blanke ark og skinande nyttårsforsett som skal trylle fram den beste versjonen av deg sjølv? Gratulerer med det, og godt nytt år. Men då er ikkje denne teksten for deg. Er du derimot blant dei mange av oss som synes at januar er eit langt år... Orsak, ein lang månad. Ja, då kan du fortsette å lese. Denne teksten er til deg. 

For eitt år sidan skreiv eg om Trump som ville kjøpe Grønland, og om meg sjølv som var fødd i feil klima; med eit skap fullt av sommarkjolar.. Lite er endra, altså. Det er ikkje akkurat mykje lys og mykje varme, som Åge Aleksandersen song om - verken lokalt eller globalt. Mange kjenner seg igjen i at verken energi eller humør er heilt på topp i dei mørkaste vintermånadane. Kroppen går liksom på sparebluss. 

Derfor er det kanskje ikkje så rart at endå fleire enn vanleg kjem til legekontoret med ønske om å sjekke blodprøvar. Mange kjenner seg trøytte og nedstemte, har lite energi og auka søvnbehov. Rett og slett "sleten", som den utmatta Cato i julekalenderen sa. Me knaskar D-vitamin i håp om at sola sitt eige vitamin kan lade batteria til litt over halvfulle. Dei fleste har ikkje nokon avvik på blodprøvane, men oftast eit større eller mindre snev av det me kallar vinterdepresjon. Men er dette eigentleg ein sjukdom, eller kanskje berre ein heilt naturleg tilstand? 

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS