Innbuforsikringa og reiseforsikringa dekkjer allereie mykje av skaderisikoen for deg som bunadseigar. Så sant du ikkje er redd for å få pølseketsjup og softis på bunaden.ARKIVFOTO
Du treng ikkje bunadforsikring – med mindre du fryktar søl
– Risikoen for rifter og søl, som gjerne blir trekte fram ved bunadsforsikring, er det faktisk ikkje så mange tilfelle av. Tjuveri, brann og vass-skadar heime utgjer ein mykje høgare risiko, og der har folk flest allereie ei god dekning gjennom innbuforsikringa si, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If i ei pressemelding.
– Det kan likevel vere lurt å sjekke om det er ei beløpsgrense oppover, noko som kan variere frå selskap til selskap og etter kva slags type innbuforsikring du har, seier han.
Eigendelen kan også vere høgare enn ved ei eiga bunadsforsikring, understrekar han.