Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Drøs og matlaging

Publisert Sist oppdatert

Eimen av nysteikte krotakaker og breier seg mellom dei gamle veggene i Larsastova på garden Øvregård i Imsland. På komfyren putrar det i grautgryta og den godlynte huskatten har inntatt sin faste plass på slagbenken i håp om å få ein liten smakebit av dagens godsaker. Rundt bordet inne på kjøkkenet set ein gjeng godt vaksne vindafjordingar og ventar på å ta i eit tak med bakstekjevlet. I dag er det baking av krotakaker som står på menyen, og med stødig hand blir ferdigknadde emne ein etter ein forvandla til lauvtynne leivar før dei varsamt vert rulla saman og frakta bort til steiketakka. Etter eit knapt minutt er krotakakeleiven gyllen og fin, og klar for julebordet.

— Me lagar krotakake til jul, fortel Bertine Blikra frå Ølen og formar det runde deigemnet etter alle kunstens reglar.

Dette har ho gjort før. Allereie som ung jente heime på garden i Åkrafjorden måtte ho hjelpa til når krotakakenebakst stod på dagsorden, og opp gjennom åra har det blitt ein del kakebaking for den erfarne bakaren. Dagens kaker er baset på ei oppskrift etter imslandsbuen Tora Hustveit og smakar ekstra godt med litt smør og sukker på.

Powered by Labrador CMS