Dramatisk fødsel på garden
Det har snart gått fire månadar sidan Anne Bente blei fødd på fjøsgolvet til Leif Bjarte Halleland og Reidun Sande i Etne. Anne Bente er i dag ein kvikk og ivrig kalv med god matlyst, men livet fekk ein brå start for den unge firbeinte. Ein dramatisk fødsel der både ku og kalv kunne stroke med, men som likevel enda lykkeleg på grunn av dyktige veterinærar.
— Eg kjem aldri til å gløyma kor trygt og godt det var å ha dei to veterinærane til hjelp. Dei var så løysingsorienterte og flinke, og eg er så imponert, seier Reidun Sande.
Ho får støtte frå ektemannen Leif Bjarte Halleland. Dei eig og driv garden på Auestad.