Haugaland og Sunnhordland tingrett ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Haugaland og Sunnhordland tingrett

Dømt for å ha selt falske billettar

Ein mann i 20-åra frå Grannar-distriktet fekk betaling for billettar til både ein festival og til store fotballkampar, men kjøparane såg aldri noko til dei. No er han dømt for bedrageri.

Publisert Sist oppdatert

Bedrageria byrja med at han kom i kontakt med eit par på Rootsfestivalen i Vikedal 2017. Dei ga uttrykk for at dei ønskja å oppleve ein spesiell festival i Belgia. Dagen etter kontakta den domfelte paret og fortalte at han hadde billetter til festivalen som dei kunne få kjøpe. Det kom i stand ein avtale og han fekk overført 9.600 kroner. Billettene såg kjøparane ingenting til. Paret fekk rett nok tilbakebetalt pengane i 2019, men Haugaland tingrett meiner han likevel skal dømmast for å framkalle fare for tap.

Champions League

I januar 2019 lurte han så fire personar til å betale seg til saman 34.491 kroner som betaling for billetter til Premier League-kamp i Liverpool. Billettane såg kjøparane ikkje noko til. I mai same året fekk han 18.000 kroner som førehandsbetaling for tre fiktive billettar til Champions League-finalen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS