Papirsøknad neste gong. Bonde Arve Mjølhus i Nedre Vats har 2,5 km turveg å halda ved like, men mister tilskotet for 2015 etter tastefeil.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Digital søknad gjekk skeis
Føretak som har rett til produksjonstilskot, kan mellom anna søkja om midlar til vedlikehald av ferdselsårer i jordbrukslandskapet. Vilkår for å få pengar til vedlikehald av turvegar er at dei er teikna inn på kart, er merka skilta og merka av på eit offentleg godkjent turkart eller kommunalt plankart. Då Arve Mjølhus skulle senda inn sin søknad for 2015 oppdaga han at deler av turvegen gjennom hans område hadde falle bort på kommunen sitt kart. Dette ville han retta opp i og teikna inn det som mangla.
Då han så skulle senda det ferdig utfylte dokumentet via nettet, førte endringane han hadde gjort til at heile skjemaet datt bort og søknaden ikkje gjekk igjennom. Byråkratiet står på sitt og legg skulda på bonden.
Tregar