— Det må gjerast noko fort
— Me håpar og trur me unngår at nokon må kremerast for å få plass, men i ytste konsekvens er det eit reelt scenario, seier kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad i Etne kyrkjelege fellesråd.
Det er no berre åtte doble nye gravplasser ledige ved kyrkjegarden i Skånevik.
— Det er heilt på grensa. Det må gjerast noko fort, det hastar, seier ho.