Dette er nokre av eigedomane i Etne og Vindafjord som det var størst interesse for på Finn.no i fjor.
Skjermdump finn.no
Desse bustadane i Etne og Vindafjord fekk flest klikk på Finn
— Dei fleste bustader i Noreg blir selde innan 14 dagar etter at annonsen er publisert på FINN eigedom. Å sjå på engasjementet ein bustad vekker i den perioden, er derfor eit veldig godt temperaturmål på bustadmarknaden i Etne og Vindafjord, seier Eirik Dysthe, bustadekspert i FINN eigedom.
Han fortel at det er eit tydeleg mønster i kva folk klikkar mest på lokalt.
— I Etne og Vindafjord ser vi eit tydeleg mønster der både småbruk og bustader nær sjøen skapar mest engasjement. Det er bustader som kombinerer draum, plassering og potensial, og det gjer at folk klikkar mykje og følger annonsane over tid.