SLT-koordinator Carina Hornenes , psykologspesialist og Ungdata-analytikar Erik Iversen og lensmann Ingvar Gjerde kan slå fast at ungdom flest i Etne og Vindafjord opplever at dei har det bra.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Dei unge høyrer på foreldra
Men la oss peike på ei nyanse i tittel og ingress først som sist: Om du trur du klarer å påverke kva klede poden bør gå i, eller kva musikk dotter di skal høyre på, då bør du ikkje ha altfor høge ambisjonar. Der høyrer dei meir på venene sine.
Men tilbake til vinklinga på artikkelen: Ungdom flest er altså både nøgd med, og lyttar til foreldra sine.
— I fleire sentrale spørsmål, som til dømes rusvanar, spelar opplevde foreldrereglar ei tydeleg større rolle enn meiningane til vener, seier psykologspesialist Erik Iversen ved Bergensklinikkene, som har analysert dataa frå den store Ungdata-undersøkinga som vart gjennomført i Etne og Vindafjord på tampen av 2015.