Omega 365 sine to byggningar i Ølensvåg er arbeidsplass til mange etnebuar og vindafjordingar.
Arkiv/Sirianne Vikestad
Dei aller fleste har ein jobb å gå til i Vindafjord og Etne
I februar var det
registrert 34 heilt arbeidsledige personar i Etne kommune, noko som utgjer 1,6
prosent av arbeidsstyrken. I Vindafjord kommune stod 75 personar utan arbeid,
som gir ei arbeidsløyse på 1,5 prosent.
Til samanlikning
ligg arbeidsløysa i Rogaland fylke på 2,1 prosent, medan Vestland har 1,8
prosent. På landsbasis er arbeidsløysa no 2,2 prosent.
Arbeidsløysa i
både Etne og Vindafjord held seg med andre ord lågare enn både fylkes- og
landssnittet. Etter koronaperioden har tala vore stabile, og ingen av kommunane
har hatt arbeidsløyse høgare enn to prosent sidan sommaren 2021.