Debuterer med bok om kjærleik og legeliv
Han er ein idealist, og opptatt av å ha ei meining med livet. Knut Arve Omdal (64) si meining med livet, var å hjelpa andre. Det førte han inn i legeyrket, og no har han skrive bok om dette – og den store kjærleiken.
Der i sofaen satt en pike som lyste godhet. Jeg hilste sjenert, og opplevde en følelse jeg aldri før hadde kjent på. En følelse av at brystet ville sprenges…»
Allereie i fjerde linje i debutboka si Å berøre stjerner får lesarane eit innblikk i den inderlege kjærleikshistoria til Knut Arve Omdal og danske Susanne som skulle bli kona hans.
Året er 1980, og Omdal som på dette tidspunktet er legestudent i Danmark, møter Susanne for første gong. Der er i eit kollektiv, der han allereie har fått stempelet som lesehest og hestegal. For om han ikkje sit på rommet sitt og puggar pensum, er han enten på ridetur med hesten sin Bingo, eller så steppar han inn som sjukepleiarvikar på det lokale sjukehuset. Men så møter han Susanne. Kvinna som får den målretta unge legestudenten til å blir stormande forelska.