Rallycrosskøyrar Daniel Holten frå Vikedal sikra seg sin andre NM-tittel etter at dei seks løpa under årets noregsmeisterskap var unnagjort i haust. Med ein løpssiger i Vikedal og fire andreplassar i løpet av dei fem første rundane stod det siste løpet for tur i Skien 23. september. Her måtte han henta inn tre poeng for å sikra seg gull. Løpet gjekk fint og han gjorde ein flott innsats gjennom heile konkurransen, og under finaleomgangen klarte han å halda god nok avstand til sin største konkurrent. Det førte til siger i supernasjonal klasse 2.
— Det gjekk bra frå start til slutt. Eg låg på andreplass ut frå start, men han som eg måtte slå, låg lenger bak. Eg enda til slutt opp som nummer to i finaleløpet, og det sikra sigeren samanlagt, fortel Daniel Holten og takkar alle dei gode medhjelparane som har gjort det mogeleg for han å kjempa om gullmedaljen.
— Eg hadde ikkje fått dette til utan dei gode mekanikarane, venene, familien og dei trufaste sponsorane, understrekar han.