CC Cowboys kjem til Skånevik bluesfestival i juli.Pressefoto
CC Cowboys blant dei første på plakaten
Det blir som alltid artistar frå både inn- og utland når bluesfestivalen i Skånevik går av stabelen 5.-7. juli. Og bladt banda som kjem til å trekkja stort publikum, finn ein rockarane CC Cowboys som i 1990 fekk Spellemannspris for debutalbumet sitt, Blodsbrødre». CC Cowboys held seg stadig like aktuell og er blant dei mest profilerte norske artistar i radio- og konsertsamanheng. Sidan slutten av 80-talet har bandet gitt ut eit tosifra tal på album, og dei har fått mykje god omtale og musikken deira har nådd høge salstal.
Ung vestlending
Frå Frankrike kjem Laura Cox Band, som har over 60 millionar avspelingar på YouTube, og som har ein fantastisk musikalitet. Bandet osar av energi til både blues og rock, og det er grunn til å tru at stemninga blir god når bandet entrar scenen. Ei annan artist som veit å laga liv, er Stacie Collins, kjent som er ei av dei mest energiske damene på scenen. Ho spelar ei blanding av blues og country, og handterer i tillegg munnspel med enorm innleving og energi.