Solveig Kvamme i Etne Frivilligsentral, og haugesundaren Turid Strømfors er to av dei som engasjerer seg for ungdommen i Etne i sommar.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Byr på rikt sommarprogram for unge
Første arrangement på plakaten er sett opp allereie til helga. Då blir det skatecamp både i Etne og i Skånevik, og Solveig Kvamme frå Etne Frivilligsentral opplyser at fire instruktørar frå Austlandet og Haugesund kjem for å læra opp unge og nye skateinteresserte.
— Me fekk 87.000 kroner frå Gjenstidigestiftelsen og 10.000 kroner frå Sparebankstiftselsen, og desse pengane skal brukast på ungdommen vår. Mellom anna har me kjøpt inn fem skateboards med sikkerheitsutstyr, som vil bli til utlån frå biblioteket, seier Kvamme.
Laurdag brakar det laus i Etne, og allereie onsdag var det over 20 påmelde til skatecampen. Litt labrare i Skånevik som har camp sundag.