Sauebonde Hanne Lundal brukar mykje tid på gjetarhundar og elskar å vera ute i naturen. Her med Nikki (sitjande) og besøkshunden Tappegutt.
Foto: Privat
10 Kjappe
Byjenta som hamna i mannsdominert yrke på bygda
Berre rundt 14 prosent av dei registrerte bøndene her i landet er kvinner. Lundal tenkjer ikkje så mykje på dette og synest det er heilt uproblematisk.
— Folk er meir opptatt av at korleis eg som har vakse opp i eit byggefelt i Sandnes, kunne enda opp som bonde i Skjold, seier ho.
43-åringen har lenge hatt ein draum om å bu på gard. Dette blei ein realitet for elleve år sidan, og i dag har ho ansvar for rundt 230 vinterfôra sauer, seks gjetarhundar, tre kviger og fire hestar, medan mannen jobbar ute i anleggsbransjen. Tidleg i april startar lemminga og alt ligg til rette for at rundt 500 lam vil bli fødd.