Ingen skal ver skadde i brannen.FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Ingen skal ver skadde i brannen.

Bustadbrann i Vats

Det brenn i eit bustadhus på Knapphus i Vats, og politiet oppmodar folk i området til å stengja vindauge, ventilar og ventilasjonsanlegg.

Klokka 12.57 fekk nødetatane melding om at det brenn i ein bygning i nærleiken av Knapphus i Vindafjord. Brannen var i eit treetasjes hus, og det vart meldt om full fyr. Alle bebuarane skal ha kome seg ut av huset, og nødetatane frå både Skjold og Ølen var på veg til staden. Klokka 13.19 melder operasjonssentralen om at mannskapa hadde kome fram.

Seks bebuarar

Operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt opplyser til Haugesunds Avis at det var seks bebuarar registrert på adressa. Tre av dei var til stades og hadde kome seg ut, medan dei tre andre var vekkreiste.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS