Brannen starta i teknisk rom
Årsaka til brannen i eit kyllingoppdrett i Lærdal ved Sandeid sundag er ikkje kjend.
Brannen oppsto i det tekniske servicerommet til kyllinghuset. Ein brannvegg inne i bygningen sytte for at den ikkje spreidde inn til avdelingen kor det var 5.600 kyllingar. Dei fekk likevel så store røykskadar at dei vart avliva og frakta til Norsk Protein på Hamar for destruksjon.
Det er på det reine at det var straumstans i området Lærdal i forkant av brannen. Innehavaren var difor innom anlegget på natta for å starta opp eit straumaggregat for å sikre drift i ventilasjonsanlegget, men om dette har samanheng med brannen er uvisst.
Annonse
Ifølgje politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor vil det kunne finne stad ein kriminalteknisk undersøking på staden tysdag.