God drøs rundt bordet. F.v: Ove Kahrs Wangensteen, Magnhild Våge, Dag Olav Bokn Håland og Espen Heggelund. For sistnemnde var dette første landbrukslunsj, etter at han tok over farsgarden i fjor.
Grethe Hopland Ravn
Samla næringa til fag, nettverk og drøs
Landbrukslunsjen starta med buffé i fellesskap, og
det var god drøs rundt borda. I lokalet var det samla bønder, banktilsette,
landbruksrådgjevarar og kommunalt tilsette og etter ein times tid med mat og
samtalar var det klart for det faglege programmet.
Fersk bonde på landbrukslunsj for første gong
Blant deltakarane var Espen Heggelund, som tok
over farsgarden i Etne i fjor. Dette var første gong han deltok på
landbrukslunsjen.