Henriette Gjærde (35) med barndomsheimen på Kvitareina i Sandeid i biletet bak seg.
Nils Tokheim
Yrke og utdanning:
Tollaren som reiste ut
Ho fortel med eit stort smil at i heilt unge år var draumen å bli ridande politi i heimbygda Sandeid, med stall på det dåverande politihuset på kaia.
Etter at ho var ferdig med vidaregåande skule i Ølen, var det litt tilfeldig at det blei Tolletaten og ikkje politiet. Broren Knut hadde gått den vegen, og faren Ingvar var då lensmann i Vindafjord og Etne.
— Eg fekk ved eit tilfelle høyra om tollarutdanninga og ledig stilling i Haugesund, og fann at det kunne vera eit alternativ til politet, seier ho.