Solveig Kvamme startar i jobben som ny dagleg leiar i Etne Frivilligsentral 1. mai
Foto: Grethe Hopland Ravn
Blir frivilligsjef i nabobygda
Solveig Kvamme frå Ølen har ein dialekt som ganske snart røper at ho ikkje er oppvaksen i bygda. På klingande oddadialekt samtalar ho med menneska rundt seg, og frå 1. mai tar ho over som ny dagleg leiar i Etne Frivilligsentral etter Jimmy Næs.
— Då stillinga blei lyst sa ektemannen min at dette var ein jobb for meg. Og eg hadde allereie tenkt same tanke for meg sjølv, seier Kvamme som har fått tomlane opp frå alle rundt seg.
Det fekk ho også frå styreleiar i Frivilligsentralen, Asbjørn Opedal, og fekk tilbod om jobben som tre andre også hadde vist interesse for.