Nokre medlemmar i Skånevik skyttarlag ved eit tidlegare høve. Bak frå venstre: Petter Taraldsøy, Ørjan Løhaugen, Caspar Bull-Tornøe, Roar Knudsen, Halldor Ebne. Framme: Thor-Henry Horne Leknes.
Arkivfoto: Privat
Mi Fritid
Bli kjent med Skånevik Skyttarlag
Kvar veke presenterer Grannar eit nytt lag eller forening i Grannar. I dag skal få bli betre kjent med Skånevik skyttarlag.
— Kva driv de med?
— Me tilbyr mange ulike aktivitetar. Mellom anna jegertrening der ein skyt på vanleg elektronisk skive på 100 meter. Jaktfeltskyting der ein skyt på ulike dyrefigurar, på ulike avstandar. Storviltprøve med oppskyting på villreinskive på 100 meter. Denne må du bestå for å få lov til å gå på storviltjakt. Miniatyrskyting på 15 meters avstand i idrettshallen. Baneskyting på 100 meter og 200/300 meter. Elektroniske skiver på 100 meter hjå oss. Feltskyting på ulike figurar, som står på avstandar frå 80 til 600 meter. Og to ulike typar hurtigskyting. Me har arrangert ope stemne i miniatyrskyting på banen i Skånevik Idrettshall og i år hadde me 7 deltakarar på Landsskyttarstemne på Voss. Fleire gode resultat, inkl. finaleplassar. Representantar frå Skånevik Skyttarlag har vunne ein heil del titlar i Sunnhordland i året som har gått.
— Kven passar det for?