Her er ein del av eldsjelene i miljøet rundt restaureringa av SC 31595 i Skjold. Ommund S. Vestre (f.v.), Svein Skjold, Torkel Kirketeig, Olav Moldesæter, Bjarne Vestre og prosjektleiar Kjell Inge Førland.
Foto: Privat
Mi Fritid
Bli betre kjent med Vindafjord Veteranbusslag
Kvar veke presenterer Grannar eit lag eller ein frivillig organisasjon i Etne og Vindafjord. Denne veka kan du bli betre kjent med Vindafjord Veteranbusslag.
— Kva driv de med?— Restaurering av gamle bussar som har gått i rute i distriktet mellom Haugesund og Odda. Første bussen frå 1975 som me restaurerte gjekk som turbuss, skulerute og rutebuss. Me har også ein buss frå 1973 som gjekk i rute Odda/Kinsarvik. Me har vore over heile landet for å finna deler.
— Kven passar det for?
— Alle som er interesserte i å ta vare på gamal kultur. Ein treng ikkje vera faglært for å vera med.